Meny

Contacts

Products

ULMATEC
ENERGY >>
  ULMATEC
HANDLING >>
  ULMATEC
SERVICE >>

Ulmatec

2018   2018 2017   2017 2016   2016 2015   2015 2014   2014 2013   2013 2012   2012 2011   2011

Ulmatec kontrakt til knappe 40 mill kroner

Dei har kjempa i motbakke i lengre tid. I dag kunne dei feire ny kontrakt.
- Hardtarbeidande tilsette og framtidsretta eigarskap gjer det mulig for oss å ta kontrakter i ein tøff marknad seier sals- og marknadssjef Jon Åge Eidem i Ulmatec. Det er det Hareid-baserte selskapet Ulmatec Handling Systems som har fått kontrakt på levering av tre komplette LARS-system (launch and recovery systems) til eit isgåandes subseafartøy under bygging i Singapore.

ULMATEC har no ti (10) LARS-system i ordre for levering i 2015 og 2016.
- Dette er ein kontrakt vi har jobba lenge med. Vi miste nyleg ein tilsvarande kontrakt. No var det viktig at vi fekk denne i mål, seier Eidem.
Han seier at kontrakten vart vunnen i hard konkurranse med både lokale og internasjonale selskap.
- Her har vi pressa oss prismessig til det maksimale av det vi kan tole. Men samstundes var denne kontrakten viktig for å halde folket i arbeid.

Dei tilsette vart informerte om kontrakten på eit allmøte torsdag.
Ulmatec har snudd mange steinar for å bli konkurranse dyktige. Gjennom samordning av selskap er talet på ansatte alt redusert med ca 30% for å gjere produksjonen enda meir effektiv og lønsam.

- I tillegg diskuterer fleire ulike modellar for å redusere kostnader gjennom innkjøps og produksjonasamarbeid.
- Med dei prisane som er i marknaden no, har vi ikkje hatt noko anna vel enn å kutte kostnader og gjere oss meir effektive, seier Eidem.

Totalt er det 35 tilsette ved Ulmatec Handling Systems på Hareid etter at all produksjon av handteringsysstem vart samlokalisert på Hareid. Tidlegare skjedde produksjonen av vinsjane på Forus ved Stavanger.