Meny

Contacts

Products

ULMATEC
ENERGY >>
  ULMATEC
HANDLING >>
  ULMATEC
SERVICE >>

Ulmatec

2018   2018 2017   2017 2016   2016 2015   2015 2014   2014 2013   2013 2012   2012 2011   2011

NYE VERDSREKORDAR PÅ REKKE OG RAD

sancosword.jpg

I løpet av dei siste månadane har det vorte sett fleire verdsrekordar når det gjeld seismiske leiteoperasjonar til havs. Felles for disse er at det er utstyr frå Ulmatec Baro som er den vitale komponenten som gjer det muleg å sette rekordar.

PGS Geophysical sette nyleg verdsrekord for seismisk slep. "Ramform Titan", eigd av PGS, taua nyleg 16 seismiske lyttekablar med ein avstand på 100m. mellom kvar kabel. Total bredde på slepet var over 1,6 km og total lengde på lyttekablane i vatnet var på over 110 km. Dette var det første slepet av sitt slag der ein kombinerar antal kablar og separasjon på denne måten. "Ramform Titan" er utstyrt med Barovanar frå Ulmatec Baro.

Like etterpå sette Dolphin Geophysical ny verdsrekord for for total bredde på seismisk slep. "Sanco Sword", eigd av Sanco Shipping, taua nyleg 12 seismiske lyttekablar med ein avstand på 150m mellom kvar kabel. Totalt hadde slepet ei største bredde på 1850m. Dette er det breiaste slepet som nokon gong har vorte taua frå eit enkelt skip i seismisk samanheng. Total lengde med lyttekablar i vatnet var her på om lag 85km. "Sanco Sword" er utstyrt med Barovanar frå Ulmatec Baro.

Begge disse rekordane viser at Barovanane frå Ulmatec Baro er det kraftigaste som er tilgjengeleg i markedet. Barovanane er nøkkelen til å greie slike gigantslep då det er dei som dreg alt utstyret ut til sida og såleis gjer det muleg å taue med så stor bredde.

Dagleg leiar Ove Henriksen ved Ulmatec Baro seier at det truleg ikkje tek lang tid før vi ser enda fleire rekordar. Barovane 412 (som er den typen som har vorte brukt i begge disse operasjonane) har kapasitet til endå meir og dette vil truleg vise seg i løpet av nær framtid. Slike store operasjonar er krevande oppgåver og ein tek vanlegvis eit steg om gongen. Dette er også framgangsmåten ved utviklinga av slikt utstyr hos Ulmatec Baro. Ein jobbar stadig med å forbedre utstyret, og det kjem vel neppe som ei overrasking at utviklingsavdelinga alt har vore gjennom dei første modelltestane med endå kraftigare utstyr. Det er likevel eit stykke veg å gå frå modelltest til fullskala operasjon slik at dette utstyret vil først bli lansert litt seinare.