Meny

Contacts

Products

ULMATEC
ENERGY >>
  ULMATEC
HANDLING >>
  ULMATEC
SERVICE >>

Ulmatec

2018   2018 2017   2017 2016   2016 2015   2015 2014   2014 2013   2013 2012   2012 2011   2011

ulmatec pyro kåret til årets bedrift 2014

7.jpg

Vinnar av Fylkesprisen Årets Bedrift 2014 er Ulmatec Pyro AS i Haram. Gode resultat over tid, nye produkt og sterkt engasjement for lokalsamfunnet er høve som juryen har lagt vekt på i si grunngjeving.

Ulmatec Pyro AS er vinnar av Fylkesprisen Årets Bedrift 2014. Bedrifta leverer energigjenvinningssystem for skip, der spillvarme frå kjølesystem og eksos vert henta ut og gjenbrukt om bord på fartøyet, noko som reduserer energibruken. Selskapet har i tillegg utvikla system for nye måtar å bruke energien på.

– Dette var ei svært gledeleg melding å få, seier administrerande direktør i Ulmatec Pyro, Jan Petter Urke.

– Vi har jobba veldig hardt både med nye produkt men også med nye marknader. Det krev mykje av alle tilsette, og eg gler meg til å videreformidle nyheita. Denne prisen betyr mykje for heile bedrifta. No blir det kake!, seier han.

Ulmatec Pyro har 42 tilsette (2015) og ei omsetning på kr. 67 mill. (2014). I 2014 fekk selskapet si største kontrakt så langt, med avtalen om å levere system for utnytting av spillvarme på to nye riggar som Statoil bygger i Sør-Korea. Bedrifta er også blitt sertifisert etter ISO-9001 og kan levere produkt ihht. NORSOK-standard, eit kvalitetsstempel som vil opne fleire dører.

Imponerande resultat
– Det som har imponert oss med Ulmatec Pyro er at bedrifta har utvikla ei rekke nye produkt og system og vist gode resultat over tid, seier leiar for Regional og næringsutvalet, Randi Asbjørnsen.

– Miljøvennleg skipsfart er eit av konkurransefortrinna for maritim næring i Møre og Romsdal. Det er avgjerande at industrien er i stand til å utvikle miljøvennlege løysingar. Ulmatec Pyro er eit godt døme på dette.

Rekordmange forslag
Det er Møre og Romsdal fylkeskommune v/Regional- og næringsutvalet som kvart år deler ut Fylkesprisen Årets Bedrift. I år kom det inn rekordmange forslag; 29 kandidatar har vore med å kjempa om den gjeve prisen.

Prisen vert delt ut på Fylkestinget i April.

Kontakt:
Randi Asbjørnsen, leiar av Regional- og næringsutvalet, tlf. 915 31 313
Jan Petter Urke, adm.dir. i Ulmatec Pyro. Tlf. 911 09 201 

Tidlegare vinnarar av Fylkesprisen Årets Bedrift:
2013: Rindalslist AS, Rindal kommune
2012: Kleven Maritime AS, Ulstein kommune
2011: Arvid Gjerde AS, Rauma kommune
2010: Gjøco AS, Gjemnes kommune
2009: Saferoad AS, Ørsta kommune
2008: Odim AS, Hareid kommune
2007: Brunvoll AS, Molde kommune
2006: Haugen Bok AS, Volda kommune
2005: GC Rieber Oils AS, Kristiansund kommune
2004: Hydro Aluminium Sunndal AS, Sunndal kommune
2003: Hustad Marmor AS, Fræna kommune
2002: Berg Jacobsen Gruppen AS, Molde kommune
2001: I.P. Huse AS, Sandøy kommune

|