MED VIND I SEGLA
Pressemelding – Fosnavåg, 7. oktober 2011
ULMATEC SKIPSSERVICE MED VIND I SEGLA
Ulmatec Skipsservice opplever gode tider både med omsyn til omsetning og tilgang på dyktige medarbeidarar. Daglig leiar Idar Bergseth fortel at mengda førespurnadar er stadig aukande, og at responsen i rekrutteringsmarknaden er svært positiv.
- Vi har godt med vind i segla, og det ser ikkje ut til å stilne av med det første. Ved utgangen av august i år passerte vi omsetninga for heile 2010, seier Bergseth.
Han fortel at arbeidsmengda og talet på førespurnadar er stadig aukande både lokalt og internasjonalt.
- Vi har akkurat gjort oss ferdig med full overhaling av ein hovudmotor for eit reiarlag i Måløy. For tida held vi på med ei stor overhaling av ein hovudmotor om bord i ein brønnbåt for eit reiarlag i Nord-Noreg. Vi har fire mann i Mexico som overhalar tre motorar i eit seismikkfartøy for eit Herøy reiarlag, og vi er i full gang med å montere ein ny motor om bord i eit av farty til eit stort Bergensreiarlag.
Ulmatec Skipsservice har vore aktivt ute i rekrutteringsmarknaden etter fleire fagfolk sidan tidleg i sommar, og i løpet av dei siste to-tre månadene har selskapet tilsett fem-seks mekanikarar. Ulmatec har også styrka serviceverksemda i konsernet ved å tilsette ein koordinator for all service i gruppa.
- Vi ser positive resultat av dette allereie, med auka kapasitet og kompetanse, men på grunn av ei stadig aukande ordremengd skal vi tilsette ytterlegare fire-fem servicemekanikarar i løpet av 2011, avsluttar Idar Bergseth i Ulmatec Skipsservice.
Skipsservice i Ulmatec
Ulmatec er leiande på skipsservice i Noreg, og er mellom anna representant for Mitsubishi, MaK, Caterpillar og Cummins. Ulmatec Skipsservice, avdeling Fosnavåg held til på Mjølstadneset. Vårt lokale er strategisk plassert med gode kai forhold ved skipsleia. Ulmatec Skipsservice har 20 service-mekanikarar/teknikarar med lang erfaring. Vi er mobile, og er det behov for rask utrykking står vi til teneste så fort som mogleg.
Om Ulmatec
Namnet Ulmatec kommer av det opphavlege selskapsnamnet Ulstein Marine Technology AS. Selskapet vart starta i 2000, men røtene kan følgjes tilbake til 1917 og Ulstein Mek. Verksted, det som i dag er Ulstein Group. Etter at deler av Ulsteinkonsernet vart kjøpt av britiske Vickers (seinare Rolls-Royce), blomstra det opp ei rekkje nye maritime verksemder. Ei av desse er Ulmatec, som i dag er eit konsern som utviklar og leverer maritim teknologi og service til kundar internasjonalt. Konsernet har om lag 200 medarbeidarar og er inne i ei kraftig ekspansjonsfase gjennom organisk vekst og oppkjøp.
For meir informasjon, ta kontakt med:
Idar Bergseth Dagleg leiar Ulmatec Skipsservice AS Tlf. +47 900 74 337 |
Jon Åge Eidem Sals- og marknadssjef Ulstein Marine Technology AS Tlf. +47 909 60 477 |